Venelaget for Halsnøy kloster vart skipa i 1986.

Hovudføremålet for Venelaget er å arbeide for utvida bruk og medverknad til utvikling av klosteret, og å løfte fram dei kulturelle verdiane som ligg i og rundt klosteret. Venelaget er ein støttepartnar i høve kulturarrangement på staden.

Laget har om lag 65 medlemmer.

Venelaget er registrert i Brønnøysundregisteret og har organisasjonsnummer 996 718 700

Venelaget er, saman med Sunnhordland Museum, Kvinnherad  kommune, grunneigar Per Egil Juel og Hordaland Fylkeskommune engasjert i opparbeiding og skjøtsel av Kulturløypa til Halsnøy kloster.

Venelaget står også bak restaureringa av Haugastova, den første Folkeskulen på vestlandet, 1868.

Venelaget er innmeldt i Forbundet for norske museumsvenner, FNM, www.museumsvenner.no

Styre:

Leiar : Toril Romsø
Kasserar: Jørund Tvedt
Skrivar : Ester Øydvin
Styremedlemmer: Elisabeth Viken, Marit Tvedten.

Styremedlem Rep. for Sunnhordland museum: Helén Petersen, Vara: Marianne Emmerhoff

Varamedlemmer : Petter Tofte, Øyvind Særsten, Wenche Sæbø og
Terje Skaare.